Andre tider, sa eg, men veden heng i oss som ein del av vår skjebne. Slik sett er det ikkje det minste underleg at mellom hundrevis av nye bøker er Lars Myttings bok om ved eit mestseljande fenomen i eit opplag av 109000. Eg forstår kvifor. Me har eit hemmeleg kjærleiksforhold til bjørkved. At det attpå er visse innslag av blandingsved, furu og gran og allslags trevirke, er bare eit naturleg resultat av ny tids rastlause uforstand.
Og så til ei personleg bekjennelse: Eg er i ved-alderen. Det eg lenge har trudd var ei gammal overlevering av bygdeskikk og bruk, at gubbar med dråppåsnør og skoldlue skulle pusle med ved til sine dagars ende, er ikkje bare tradisjon. Det er ein faktisk realitet, og må vere noe organisk som gir seg utslag. Kanskje skulle eg heller seie ein psykologisk variant av gikt utan smerte, ja eigentleg med mye glede som spreier seg som førjulsstemning frå sjel til kropp.
I det siste har eg målretta gitt meg ved-alderen i vald, kappa ved, kløvd ved, bråtta ved. Det har vore ei stillsleg lykke der ved kappsaga, inni hørselsvernet med store øreklokker ikring eit skrøpeleg hue. Ingen er så heilt for seg sjøl som ein alvdøl med vedstranglar i hendene og øreklokker på øra. Deretter har eg utålmodig stått ved ein antikvarisk vedkløvar, hydraulisk driven, som produsenten av alle tenkelege namn kalte Lars. Eg har systematisk lagt kubbane til rette på skafottet, og venta på at dei seint skulle bli til skier. Og så har eg kjørt vedskiene i haug dit eg hadde planlagt vinteropplaget skulle vere, og til sist båtta dei.
Så langt har dette vore eit langstrekt kvardagsprogram, eit slags vaksenopplæringskurs i seigt tålmod. Men eksamen vart verre. Dei to bråttane eg sette opp i friluft, slik at dei kan tørke seg sjøl vinteren igjennom, om no ikkje veret blir verre og det kan det ikkje bli, var kanskje noe ustø i sjølve konstruksjonen. Det omstendelege tålmodet som særkjenner ein handverkar er nok ikkje mi sterke side. Men dei stod. Ei heil natt, etter det eg har forstått. Morgonen etter låg dei i haug. Akkurat som om ingen hadde strevd med å bråtte skie for skie til oppreist posisjon.
Eg er personleg forsiktig med banning, og tenkjer på den berykta alvdølen som alltid kom på Steia og helste på kjentfolk med "faen skjære, god dag god dag!" Det har fått meg til å spare på det verbale kruttet. Men da eg erfarte at dei to bråttane som liksom krona mitt årlege storverk låg i ruinar, tok eg til ord som eg håpar det fins tilgiving for.
Ei trøst var det å finne ut at det verken var dårleg handverk, vindkast eller andre naturmakter som hadde skamfare storverket. Det gjekk enno sau ute, og eg mistenker at noen ruggande digre tikker - noen skikkelege tøkser - hadde klødd i ulla og skubba seg bortpå. Trur eg, for eg har ikkje fått politi og påtalemakt til å forhøre sauen. Dei har anna å gjere, og sau er sau anten dei er ullhåra, langhåra eller flintskalla.
- Bortekamp mot serielederen... - (Opprettet: 24.05.2013 20:06)
- Fotballdrama med lykkelig slutt!... - (Opprettet: 21.05.2013 20:58)
- Håper på pulikumshjelp til hjemmeseier mot LSK... - (Opprettet: 21.05.2013 05:35)
- Marius Rosmæl klar for Alvdal igjen... - (Opprettet: 19.05.2013 09:15)
- Gode skytter-alvdøler... - (Opprettet: 12.05.2013 19:39)
- Vant igjen – Alvdal klatrer i 3. divisjon... - (Opprettet: 11.05.2013 20:12)
- Lund leder Alvdalsstevnet... - (Opprettet: 11.05.2013 20:02)
- Orienteringsgruppa med treningskvelder for ALLE... - (Opprettet: 11.05.2013 06:30)
- Alvdal hjem med tre poeng... - (Opprettet: 09.05.2013 20:54)
- «Skal være stolt over seriestarten»... - (Opprettet: 08.05.2013 19:08)



Juleved hører til dei orda som skaper steming i adventstida på same måten som fuglband og fattigmann, og det trass i at sjølve begrepet juleved ikkje lenger er like anvendeleg som før, da alle hus var sunne og golvkalde, oljefyren enno ikkje innført i norske husholdningar og elektrisiteten i form av golvvarme og panelomnar var på utviklingsstadiet. Da knerta det iltert i øksehogg mange stader. Det skulle tør og finkløvd ved til når flatbrød og lefse stod på dagsorden og tunnkjevla deig låg på bakstertakka. Til og med farbror min, Lars, som hadde eit avslappa forhold til kvinnelege sysler, vart lettføtt mellom baksterkjellaren og vedskålen.