Eg trudde helselag hadde samanheng med å helse. At eit helselag var eit lag der dei som var med øvde seg på å helse på kvarandre, goddag, goddag, ta av seg lua, neie, eller helse i handa, eller i det minste rope i forbifarten, morn, morn.
Etter kvart gjekk det opp for meg at dei dreiv ikkje og sa morn morn til kvarandre, men drakk kaffe og strikka, og song, og prata om sunnheit - eit anna ord eg hadde problem med, fordi det eg kjente til var at noe gjekk sund, som for eksempel når eg var uheldig med ei glasrute - rekorden var fire-fem i ein gong, men det var seinare - eller prøvde den elektriske symaskinen til mor mi, som òg gjekk sund som resultatet av mine eksperiment..
Da omsider, og det var ikkje for tidleg, forstod eg at helse er noe ein har, eller ikkje har, men alle i helselaget hadde det, såg det ut til. Om dei ikkje var sjuke, og da møtte dei ikkje i helselaget den kvelden. Da som no er det av og til vanskeleg å vere liten. Sjøl om grenda var lita, var vaksne store, og mi barnlege undring aller størst.
Eg må få legge til at den dag i dag helsar eg på menneske eg møter. Seier morn, om dei er aldri så ukjente. Folk ser rart på meg, som om eg er overfallsmann, og bare dei modigaste mumlar eit stuttpusta øhrrnn i skjegget som er dei djupt fornærma. Dei fleste ser først forundra på meg, før dei snur seg bort og gjer som eg ikkje fins. Men eg for min del hevdar det er helse i å helse. Det er helse i kontakt med medmenneske. Det er sunt å vere vennleg. Det er triveleg at folk seier morn – eller hei som er den digitale varianten - og smiler til meg. Naturlegvis har eg respekt for folk som ikkje liker slikt. Eg har ein mistanke om at dei finn det einfaldig og barnsleg og såleis bare høveleg for ein overflatisk godfjott, som ikkje fattar at verda er i krise og livet eigentleg eit livslangt ork.
Eg fann ei setning i ei bok av den danske forfattaren Peter Høeg som eg skreiv meg bak øret for ikkje å glømme. I boka Den stille piken skriv han ein stad: "Det var et smil som etter Kaspars mening burde ha fratatt ham førerkortet". Etter det er eg forsiktig med å smile i trafikken, men det hender rett som det er at eg seier morn til møtande bilar, iallfall når eg trur eg kjenner sjåføren. Dei fleste kjører forresten så fort at et eg verken ser kven som sit bak rattet eller om dei smiler der dei sit.
Folk har behov for å gi utløp for kjenslene sine. Få det vonde ut, seier psykologane, som har studert slikt. Ein skal vere open i sorg og glede. Somme seier til og med at det er sunt å vere sint. Ja, det kan godt vere, men det er bare så utriveleg for ein sjøl og for andre, og kva hjelper det å vere sunn når ein ikkje har anna glede av det enn å angre på at ein var sint.
Etter mi oppfatning er gleda og humøret ein vesentleg bestanddel i dei ein ofte kallar folkehelsa, altså den allmenne helsetilstanden. Det er ei dagleg utfordring å bevare livslysten, og det er eit fellesprosjekt å medvirke til å spreie gode kjensler. Der kan me hjelpe kvarandre. Seie morn som er me alle med i eit helselag anten ein legg det eine eller det andre i meininga av ordet.
(Illustrasjon: Ingrid Eggset)



Ein skulle ikkje snakke om seg sjøl. Folk kunne tru at ein går ikring sin eigen navle som ein personleg variant av Alvdal midt i væla. Men eg fortel om meg sjøl likevel for ikkje å misbruke andre med å tillegge dei eigenskapar og synspunkt dei ikkje har.